Innovasjon Norge har i samarbeid med IT-forum Sogn og Fjordane sett i gang forprosjektet ”Kunnskap kryssar grenser”. Prosjektet skal utgreie og teste løysingar for å auka tilgangen til arrangement, informasjonsmøte og utdannings- og opplæringstilbod over nettet. Sjå presentasjon av prosjektet her.
Eigen ny prosjektnettstad
Eigen prosjektnettstad er no etablert og vert aktivt nytta som nav for nettoverføringane.
Sjå www.kxg.no
Misjon
Kunnskap er vår viktigaste ressurs. Med nettbasert kringkasting, den sosiale veven, videokonferanse og andre samarbeidsverktøy kan me dele og ta til oss kunnskap utan å bruke lange, dyre og forureinande dagar på reisefot. Me jobbar for at mange fleire konferansar, seminar og føredrag blir kringkasta på nettet og at nettbasert møteverktøy blir brukt i mykje større grad enn i dag
Behovet
Til tross for nesten 100% breibandstilgang og at 86 % av innbyggjarane er på internett, langt over det europeiske snittet på 48 %, er konferansar, seminar og kurs i Noreg stort sett basert på fysisk og ikkje på virtuelt frammøte. Personar, som bur og arbeider i Sogn og Fjordane, har store reise- og tidskostnader for å delta på slike arrangement enten dei føregår i eige fylke eller i Oslo eller Bergen. Ofte er det ikkje muleg å delta på på grunn av tids- og reisekostnadene. Sjå videobloggen om kva Innovasjon Norge legg i forprosjektet. Halvor Flatland har ordet.
Bruk av nye teknologiar
Moderne IKT-løysingar har eit stort potensiale for å redusere denne ulempen gjennom å levere kurs, seminar og konferansar over nettet. Tilgangen til kunnskap kan aukast betrakteleg og redusere kunnskapsskillet mellom ulike regionar. I tillegg til å hente informasjon og kunnskap til Sogn og Fjordane kan denne teknologien stimulere til å dele kunnskap frå Sogn og Fjordane med andre regionar og land.
Hovedaktivitetar
Forprosjektet skal omfatte følgjande delaktivitetar
- Kartlegge tilgjengeleg teknologi og tenester for overføring av møte, kurs og konferansar over nettet.
- Kartlegge relvante kurs og konferansar både i regionen, nasjonalt og internasjonalt og finne dei gode eksempla for formidling via nett
- Undersøke kva andre initiativ som allereie er i gang og som me kan samarbeide med
- Teste ut nettoverføring av ulike arrangement. Sjå eiga prosjektnettside. www.kxg.no
- Utarbeide retningslinjer for teknisk gjennomføring av arrangement med nye teknologiar
Prosjektleiing og arbeidsgruppe
Prosjektleiar: Heather Broomfield / Roy Sævik, Innovasjon Norge
Arbeidsgruppe:
Anne Karin Hamre, Fylkesmannen i S&Fj
Tone Tenold, Barn-nett AS
Bernt Bergheim, Lerum AS
Øystein Åsnes, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Trude Risnes, Distriktssenteret
Svein Ølnes, Vestlandsforsking
Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking
Sekretariat;
Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking
Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking
Tidsplan
Prosjektet starta i januar 2010 og skal vera ferdig til IT-forum konferansen i siste veka av september der ”Kunnskap kryssar grenser” også er hovedtemaet.