eForvaltningsgruppa vart oppretta av IT-forum sitt årsmøtet i 2009 for å samle satsing på elektronisk samhandling og effektivisering i offentleg sektor
Leiar er Solfrid Helvik hjå Fylkesmannen, tlf. 95924182, e-post shl@fmsf.no
eForvaltningsnettverket har vi lagt inn som ein del av eit prosjekt det er søkt og fått midlar til frå Difi. Prosjektet heiter Elektronisk samhandling og effektivisering i offentleg sektor.
Dette nettverket er tenkt som eit forum for å dele erfaringar innan elektronisk forvaltning. Målgruppe for nettverket er leiarar, IKT-medarbeidarar og arkivmedarbeidarar. I prosjektet legg vi opp til 5 faglege samlingar i løpet av dei neste tre åra.
Aktuelle mål for eForvaltningsnettverket
• Sogn og Fjordane BEST på e-forvaltning! Første fylket der alle organisasjonar på ulike forvaltningsnivå kan utveksle informasjon elektronisk der alle krav til tryggleik er ivaretekne. Sterk bidragsytar til regjeringa sin eNorge-plan og nasjonal merksemd
• Kompetanseheving – elektronisk dokumentutveksling og e-signatur, elektroniske sjølvbetjeningsløysingar på nett og e-handel
• Kompetanseheving – prosjektstyring, gevinstrealisering og organisasjonseffektar som følgje av elektroniske løysingar
• Betre samhandling og erfaringsutveksling mellom ulike fagfolk og organisasjonar om utvikling av arbeidsmåtar og organisasjonar tilpassa ein elektronisk kvardag
Første samling vert på Skei i etterkant av Teknologikonferansen 2009, der hovudfokus vil ligge rundt løysinga som no vert installert hos kommunane i Sogn og Fjordane, som gjer at dei kan utveksle dokument sikkert og elektronisk med kvarandre og andre offentlege etatar.