eHelse
Helsenettverket er ein møteplass for personar som arbeider med helse og it for fylket.
Innsatsen får mellom anna omtale på fylkesmannsbloggen i 2009.
eHelse skal ha sterkt fokus på innhald og å følgje opp satsingar som Nasjonalt Meldingsløft, men gruppa har og ei viktig rolle i å ta opp dialogen med Norsk Helsenett /nasjonalt nivå om infrastrukturspørsmål. Utfordringa har vore å få aksept for at det og skal kunne nyttast eksisterande infrastruktur mellom samarbeidande kommunar. Først etter at kommunar og legekontor er knytt på infrastrukturen kan ein få på plass nytt nyttig innhald i form av ulike meldingstypar.
I 2012 er arbeidsgruppa prosjektgruppe for Meldingsløftet Sogn og Fjordane. Alle kommunane i fylket skal kome i gang med elektronisk kommunikasjon mellom Helse Førde og pleie og omsorg (PLO) i kommunane og mellom PLO og lokalt legekontor. KS Sogn og Fjordane er prosjekteigar og IT-forum Sogn og Fjordane er prosjektleiar og organiserer prosjektgruppe og prosjektgjennomføring. Helse Førde og Helse Vest IKT vil vere tett knytt til prosjektet. Deira satsing med å innføre elektronisk kommunikaksjon mellom spesialisthelsetenesta og lokale legekontor er eit parallelt prosjekt som gir den tredje kommunikasjonskanalen i trekanten kommunalt legekontor – pleie og omsorg – spesialisthelseteneste. Tidsrom for prosjektet er 01.03.2012 – 31.12.2012
Arbeidsgruppa har tidlegare hatt regien på to samanhengande fylkesprosjektsatsingar med eit tal delprosjekt.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har lagt ut to gode artiklar på sine nettsider om prosjekta i kommunane som har støtte frå fornyingsmidlar. Utrullingsprosjektet om hovudsatsinga og Pilotprosjektet (som er ein artikkel av It-koordinator i Flora kommune om piloterfaringane dei hadde gjort seg).
Døme på informasjonsaktivitetar utad som gruppa har arrangert:
Elektronisk samhandling med legekontora i Sogn og Fjordane - informasjonsmøte i januar 2009 les du om her.
(Alt i tidleg prosjektfase den 22.,23.og 24.januar 2007 vart legekontora og kommunane invitert til informasjonsmøte. Sakslista for møtet er vedlagt her.( saksliste) )
- Sluttrapport finn du her for satsinga (fase1) per 31.12.2008
- Status for utrullingsprosjektet som no er i fase 2 vart kort presentert på ein parallellsesjon på Teknologikonferansen i september 2009.
- Sluttrapport for siste prosjektet vart levert 13.04.2010 og følgjande utdjuping av status og vidare drift vart levert før 23.08.2010
Nokre godkjendte møtereferat:
27.03.09 ,12.12.2008 , 24.11.2008
Medlemmer i arbeidsgruppa:
Kari Støfringsdal (pl), Flora Kommune
Kari.Stofringsdal@flora.kommune.no
Jan Helge Dale (Flora),
Magni Håvardstun (Førde),
Åse Elin Hole (Selje),
Marit E Larssen (Gloppen),
Per Stensland (Fylkeslegen),
Gudny Bukve (Helse Førde),
Anne Bjørlykke (Helse Vest IKT),
Ivar Petter Grøtte (Vestlandsforsking), Anja Sire (Vestlandsforsking) + frå Sogn
ipg@vestforsk.no