|           SØK
IT-forum konferanse 2010

- 5. og 6. oktober. Skei Hotel


ENDELEG PROGRAM

Påmelding for deltakarar, Standplassbestilling

Foredragshaldarar

Tema: Kunnskap kryssar grenser

IT-forum 2010 Kunnskap kryssar grenser

5. og 6.oktober på Skei hotell

 

Påmeldingsfrist 23.september

Kunnskap kryssar grenser er tema for konferansen 5. og 6.oktober. Skal kunnskap krysse grenser må teknologi og kommunikasjon mellom menneske fungere. Både i Fjaler, Vestfold og Silicon Valley 

Moderne IKT-løysingar gjer det mogeleg å få tilgang til kunnskap frå heile verda. Samstundes brukar vi meir tid og pengar enn nokon sinne på reiser - til møter, kurs og konferansar. Korleis kan vi spare miljø, pengar og tid ved å bruke teknologien betre og samstundes få tilgang til den kunnskapen vi treng?
 
Nokre føredragshaldarar;

Martha Russel, professor ved Standford University i California: Innovation Ecosystems. Kva kan vi lære av Sillicon Valley?
Kjell A.Nordstrøm, professor i økonomi og bedriftsstrateg, kåra til ein av dei ti beste "Management thinkers" i verda: Korleis sprengje dine grenser? 
Pellegrino Riccardi, kulturell brubyggar: -Det var ikkje det eg sa, eller meinte... Når kunnskap ikkje kryssar grenser
Arve Helle, ordførar og brukar av ny teknologi: Kva kan ein ordførar, og kommune, gjere for å spare tid og pengar når det er møter på Leikanger eller i Oslo? Resultat frå Fjaler-prosjekt.

 

 Program

Om prosjektet Kunnskap kryssar grenser, eit samarbeid mellom Innovasjon Norge og IT-forum

 

Om konferansen:
• Største og viktigaste konferanse for næringsliv og det offentlege i Sogn og Fjordane
• Samlar mellom 200 og 250 menneske
• Har spesielt fokus på ungdom og inviterer kvart år fleire skuleklassar frå media/ikt-linjer på vidaregåande, samt studentar.
• Viktig møteplass for nettverksbygging

 

Påmelding for deltakarar

Standbestilling for leverandørar

 

Prisar på konferansen ved påmelding til og med 23.september
Begge dagar (kr 2950 mva)
Berre tysdag 5.okt (kr 2200 mva)
Berre onsdag 6.okt (kr 1800 mva)

Deretter kjem eit tillegg på kr 500 per dag ved seinare påmelding.

Hotellopphald og middag kjem i tillegg

 

 

-------------

Vi håpar å gjenta og fornye fjorårets suksess. Dei mange presentasjonane er lagt ut som lenkjer i programmet under og er enno aktuell lesnad.


IT-forum 2009 Teknologikonferansen: Har prestasjonssamfunnet overteke all kommunikasjon?
PROGRAMogPresentasjonar2009

 

Om du treng meir informasjon kontakt oss på 90633600 eller
send ein e-post til: als@vestforsk.no