 |
|
 |
|
| Startside » Artikler
|
| Kunnskap krysser grenser
|
Personar som bur og arbeider i Sogn og Fjordane, har store reise- og tidskostnader for å delta på slike arrangement i dei større byane. Ofte er det ikkje muleg å delta på på grunn av tids- og reisekostnadene.
Moderne IKT-løysingar har eit stort potensiale for å redusere denne ulempen gjennom å levere kurs, seminar og konferansar over nettet. Tilgangen til kunnskap kan aukast betrakteleg og redusere kunnskapsskillet mellom ulike regionar. I tillegg til å hente informasjon og kunnskap til Sogn og Fjordane kan denne teknologien stimulere til å dele kunnskap frå Sogn og Fjordane med andre regionar og land.
Forprosjektet skal omfatte følgjande delaktivitetar
- Kartlegge tilgjengeleg teknologi og tenester for overføring av møte, kurs og konferansar over nettet.
- Kartlegge relvante kurs og konferansar både i regionen, nasjonalt og internasjonalt og finne dei gode eksempla for formidling via nett
- Undersøke kva andre initiativ som allereie er i gang og som me kan samarbeide med
- Teste ut nettoverføring av ulike arrangement
- Utarbeide retningslinjer for teknisk gjennomføring av arrangement med nye teknologiar
Prosjektet starta i januar 2010 og skal vera ferdig til IT-forum konferansen i slutten av september der dette også er hovedtemaet. Følg med på prosjektsida.
16.02.2010
<< Fleire...
|
|
|
|
|
|
| |
|