Bli med oss til Bergen og til Vestlandshuset og Vestlandssalen 28. og 29. november (lunsj til lunsj).

Teknologien endrar seg i rekordfart og gir oss fantastiske moglegheiter, men teknologien viser “tenner”. Vi må omstille oss, ta styring, men også utnytte potensialet i ny teknologi. Korleis balanserer vi desse omsyna? Det blir den raude tråden i årets IT-forum konferanse!

Vi inviterer til festmiddag på restaurant Roast i 13. etasje på hotel Scandic Ørnen og samlar overnattinga der. Hotellkode kjem snart.

Teknologioptimisten og energibunten, Eirik Norman Hansen, er aktiv konferansier også i år. Tilbakemeldingane frå i fjor var bunnsolide!

Program er under arbeid, så følg med! NB! Meld deg på no for dei beste prisane!

Våre satsingsområde

BREIBAND OG MOBILDEKNING

Vi skal bidra til at alle har tilgang til breiband med høg hastigheit og god mobildekning.

DIGITAL INKLUDERING

Vi skal bidra til at alle kan vere inkludert i det digitale samfunnet.

REKRUTTERING, MANGFALD OG UTDANNING

Vi skal bidra til rekruttering, mangfald og utdanning innan teknologi.

NÆRINGSUTVIKLING

Vi skal vere med å utvikle næring og arbeidsplassar innan teknologi, gjerne i internasjonale samarbeid.

bg.png

Aktuelt frå IT-Forum

Våre medlemmar